Nytt for mange var det då Åse Neset frå Uskedalen gjekk inn som bokbadar i samtale med forfattar Kristin Schulerud på boklansering i denne veka. Kristin er ute med romanen Tynn hinne. Frå før har ho bak seg to diktsamlingar. Mange kjenner Kristin Schulerud som pianolærar i Kvinnherad kulturskule, også som lærar for musikkgruppa Amigos. Åse Neset var godt førebudd og gjennomførte samtalen på ein overtydande måte. Med dette har Åse Neset debutert som bokbadar og vi vil truleg få sjå henne tilbake på scenen ved seinare høve.

Det vart på alle måtar eit svært vellukka bokbad. Kristine Hestad framførte musikkstykke på fløyte der Kristin Schulerud fletta inn opplesing av dikt frå ei av hennar to tidlegare diktsamlinger. Forfattaren fortalde om bakgunnen for utgjevinga og las utdrag frå boka. Karin Bø er illustratør. Ho synte nokre av illustrasjonene på storskjerm. Om lag 40 tilhøyrarar kom og fekk ei fin og stemningsfull oppleving.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Thor Inge Døssland