Tormod Myklebust si bok ARVEN – ei forteljing om Synneva Knutsdotter er komen i nytt opplag. Fyrste opplaget er utseld. Det er gjort nokre endringar på formgjeving, elles er boka den same. Torkel Stensletten er forfattar av storverket, Med von om ei betre framtid, utvandringa frå Uskedalen til Amerika 1849-1966. Torkel si bok kan du kjøpa gjennom Uskedal Historielag. Han har skrive ei lita bokmelding til Tormod.

Torkel skriv: “Eg har hatt stort utbytte av å lesa boka di. Den inneheld fleire lag. Det er gardshistorie, bygdehistorie, kulturhistorie og misjonshistorie. Eg tykkjer du har fått alt dette godt fram. Det er viktig, for det er mykje av dette som held på å verta gløymd. Det gjev eit godt bilete av korleis livet var i Uskedalen på slutten av 1800- talet og fyrstninga av 1900-åra.

Du har fått godt fram tvilen og tankane dei gjorde seg, og avskil med dei næraste på kaien i Uskedalen har du skildra på ein framifrå måte. Misjonsarbeidet si historie er og viktig å få fram, for det er ein viktig del av Uskedalen si historie.

Eg tykkjer du har lukkast godt med språket. Ikkje minst er det kjekt å sjå at du har brukt mange kvinnherske ord som held på å koma vekk. I farten kjem eg på høyvondel og øyk. Du har all grunn til å vera fornøgd med boka di og ho burde finnast i kvart hus i Uskedalen. Eg veit kor mykje arbeid som ligg bakom dette”.

ARVEN – ei forteljinga om Synneva Knutsdotter kan kjøpast direkte frå forfattaren. Boka er også å finna på SPAR Uskedalen og i bokhandel.

Prisen er kr. 300,-. Dersom boka skal sendast, kjem det frakt i tillegg.

Tekst: Redigert frå Facebook
Nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto