Kvinnherad Sogelag held årsmøte laurdag 2. april kl. 13 i Herøysund Grendahus og feirar 40 år. Kvinnherad Sogelag arbeider i hovudsak med å dokumentera den lokale historia. Det siste året har laget gjeve ut den tjuande utgåva av Kvinnhersminne med artiklar frå ulike bygder i
kommunen, i tillegg til boka «Det illegale Sunnhordland» som handlar om motstandsrørsla i vårt område i krigsåra 1940 til 1945. Med raus stønad frå SpareBank 1-stiftinga let det seg gjera å finansiera dette prosjektet. Bilete syner f.v: Lars Jostein Rørvik ( skriftstyrar ) og Audun Eik ( styreleiar ).

Kvinnhersminne kjem ut annakvart år, og blir gjeve gratis til dei
som er medlemer i laget. Ein legg vekt på å samla stoff som bidreg til å spegla historiar i heile kommunen. Til dette arbeidet er ein avhengig av at medlemene engasjerer seg og bidreg med saker, eller engasjerer andre til å skriva.


Laget har også teke initiativ til å korrigera feil namn og feil plasserte namn på dei offentlege karta. Ein kom godt i gong, og grupper frå mange bygdelag var engasjerte i dette arbeidet. Pandemien gjorde at aktiviteten stansa opp.
Laget får stadig spørsmål frå enkeltpersonar som treng hjelp til å finna slekt, eller artiklar om lokal historie. Me prøver så langt råd er å bidra til at dei får tak i det dei er ute etter. Bygdebøkene har vore nyttige kjelder i dette arbeidet. No er dei enten utselde eller utdaterte. Sogelaget har teke initiativ ovanfor kommunen med sikte på ta opp att bygdebokarbeidet. Det er alt gjord eit betydeleg arbeid på friviljug basis i dette arbeidet.

Sogelaget prøver å vera eit lag for heile kommunen og styret består såleis av personar frå mange av bygdene våre. Vi varierer og årsmøtestadene frå år til år. Dette året er det Herøysund sin tur. Alle lokalhisorie-interesserte er velkomne, også dei som ikkje er medlemer. Forutan årsmøtesaker blir det kulturinnslag, føredrag og matøkt. Audun Eik frå Uskedalen er styreleiar i Sogelaget

Tekst/foto: Pressemelding
Nett: Kristian Bringedal