Referat frå årsmøte i Uskedal Ungdomslag 06.03.2022

Uskedal Ungdomslag hadde årsmøte mandag 6. mars i Helgheim. Årsmeldinga og rekneskapet fortalde at det var gjort særs mykje og godt arbeid. Særs imponerande er arbeidet som er gjort med ungdomshuset og området rundt. Heile hovudstyret blei attvald og står på vidare medan styret for hytta Fjelly trekkjer seg tilbake etter imponerande innsats gjennom mange år.
I det som følgjer kan de lesa årsmøtereferatet som vi har fått tilsendt.

Sentrale personar i styre og nemnder i Uskedal Ungdomslag

Fyrste halvdel 2022 bar framleis preg av at vi hadde vore igjennom ein pandemi, så det tok ei stund før utleiga av Helgheim byrja ta seg opp. Frå sommaren og utover byrja vi koma tilbake til normal tilstand som før koronapandemien.
Helgheim hadde 22 utleigedøger. Huset var blant anna utleigd til barnedåp, konfirmasjon, møter, bursdagfeiring, fest og nyttårsdans. Vi må og nemna 90 årsdagen til Bjørgulv Eik som vart feira med teaterframsyninga «Dreng som Duger». I staden for gåver til seg sjølv, ynskja han at ein støtta
ungdomslaget med ei gåve – noko særs mange støtta opp om. Dette sette vi stor pris på.
I oktober arrangerte Uskedal Ungdomslag og Uskedal Helselag medlemsfest for nye og gamle medlemmer. Det må vi seia vart ein suksess! Vi trur alle kosa seg stort på festen og for ungdomslaget førte det til 14 nye medlemmer.
Sal av julegraut under tenninga av julegrana vart og ein suksess. Det kom mykje folk og vi selde nesten all grauten vi hadde laga til.
Bingoen kom i gang att, og i 2022 har dei arrangert 32 bingokveldar. Sidan dette er ei av hovudinntektene våre, er det gledeleg å høyra at det er mange som vil vera med å hjelpa til desse kveldane, og at det er eit bra oppmøte av både gamle og unge. Vi kan berre oppmoda enda fleire til å ta turen i Helgheim onsdagskveldane for å spela bingo og sosialt samvære.
Koret Røysterett for Alle kom og i gang igjen med sine øvingar kvar torsdag kveld. Dei har i tillegg arrangert korkafe.

Fjelly hadde 10 utleige døger i 2022.

Arbeid som vart gjort i 2022:
Helgheim:
 Støypt ny trapp opp til hovudinngangen. Arbeidet er gjort av Knut Erling Bakka og finansiert av Sparebank 1 Stiftinga
 Det er lagt ny asfalt på sidene og framsida av huset v/Vest Asfalt. Finansiert av Sparebank 1 stiftinga
 Handikaptoalettet i øverste etasje er ferdigstilt v/Husnes Røyr. Finansiert av Sparebank 1 stiftinga (2021)
 Kjølerommet ferdigstilt v/Roy Døssland. Finansiert av Sparebank 1 stiftinga (2021)
 Billettluka er pussa opp og malt

Asfallegging ved Helgheim

Fjelly:
 2022 var eit litt stille år for Fjellygjengen. Dei fekk støtte av Sparebank 1 Stiftinga til div. tiltak: Maling av naust og terrasse, solcellepanel, opptrekk til båt, fiskeutstyr og redningsvestar. Det meste er på plass ved Fjelly, med unntak av malinga. Arbeidet som gjenstår vil bli gjort i løpet av 2023
 Pensjonistgruppa har gjort ein stor jobb med veding rundt hytta. Dette er eit godt stykke arbeid som vi set stor pris på.

Økonomi:
Økonomien er OK, og vi gjekk med eit lite overskudd i fjor. Meir utleige av huset fører og til meir utgifter med vedlikehald og ikkje minst straum.
Det vart ikkje gjort noko endring i hovudstyret på årsmøtet.
Janne og Anette m/ Michal og Oddmund har stått på for Fjelly i ei årrekka, og har gjort ein kjempejobb med vedlikehald og små- og store prosjekt. Dei ynskjer no å trekkja seg utav Fjellystyret, og vi må jobba med å få nye folk til å ta over.

Veding på lagshytta Fjelly.
Tekst: Thor Inge Døssland/ styret
Foto: Arkivfoto
Nett: Kristian Bringedal