
Årets siste fotballcup gjennomført raskt og effektivt.
I dag har det vore cup på Kunstgrasbanen for dei minste borna. Det er årets siste cup. Systemet med mindre avgrensa banar, som ein ballbinge, er prøvd ein gong før i Uskedalen, på Heiocup før sommarferien. Arrangøren med Isabell Stensletten som leiar er godt nøgd med gjennomføringa. Kiosken i fotballbua vart styrt av jenter frå J11 laget. Det er fyrste gongen ein prøver med kiosksal i bua og det fungerte fint. Les meir om organisering og gjennomføring:

Det er 3 spelarar inne på banen frå kvart lag. Dersom det eine laget leiar med 4 mål, så får det laget som ligg under, ta inn ein ekstra spelar. Omgangane er på 2×10 min. Uskedalen hadde to lag med, eit gutelag og eit jentelag. Totalt var 90 born i aktivitet.
Uskedal Idrettslag låner dette utstyret frå Rosendal. Uskedalen vil sjølve gå til innkjøp av banar, men det er fire månader ventetid. Fotballgruppa takkar alle for god innsats, – styret, frivillige, J11 laget og foreldra deira.


Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Isabell Stensletten/ Kristian Bringedal