Fristen for å koma med merknad til Kommuneplan for Kvinnherad kommune – arealdel er 8. juni. Uskedal Utvikling ved styret har hatt ei førebels drøfting. Dei kjem tilbake med uttale innan høyringsfristen er ute. Det er viktig at alle er kjende med planen. Uskedalen vert definert som lokalsenter. Husnes er regionssenter. Rosendal er kommunesenter. For Uskedalen sin del er det særleg viktig å sjå nærare på desse problemstillingane:

  • Sentrumsutvikling og arealbruk
  • Folketalsutvikling
  • Badeplassar – korleis det offentlege bør vera med på å sikra areal til dette føremålet
  • Friområde – gjera kommmunen merksam på Uskedal Friluftslag sitt område i Skårhaug og korleis dette kan utviklast vidare
  • Oppvekst og kultur
  • Trafikksikring
  • Landbruk og anna næringsutvikling
  • Akvakultur og havbruk

Du finn meir om kommuneplanen på Kvinnherad kommune si heimeside.

Merknader skal sendast til post@kvinnherad. kommune.no innan 8. juni.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto