Arboristar til Rød for trepleie på Eikjo på Eikhaug.
Fredag i denne veka kjem to av dei beste arboristane i landet til Rød for trepleie på eikjo på Eikhaug. Eikhaug har gateadresse Uskedalsvegen 320 og ligg på nedsida av Fylkesvegen for Bygdetunet Rød. Arbeidet med trepleie er rekna å ta to dagar. Det er Morten Christiansen som fortel dette til uskedalen.no. Det har tidlegare vore “tredoktorar” i areid på det freda eiketreet på Rødtunet.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Morten Christiansen