Arbeidet med rullepark, ballbinge og oppgradert skatepark er starta. Dei to siste vekene er det gjort førebuande arbeid med planering, forskaling og tilkøyring av massar. Per Korsvold fortel til uskedalen.no at sjølve pumptracken blir om lag som synt på bildet. Ein skal prøva å få til ein mjuk overgang til skate-parken. Pumptrack skal kunne brukast av sykkel, sparkesykkel, rollerblades, skateboard og kanskje rulleski. Det skal bli ein rullepark. Så skal det koma ballbinge på 10×15 meter, med vant rundt. Område er på det opne arealet mellom kunsten, sykkelbanen og klatreparlen. Ballbingen skal lagast slik at den kan isleggjast på vinteren.

Ballbingen kjem på dette arealet.

Prosjektet er tildelt midlar frå Sparebank 1 stiftinga Kvinnherad og Sparebanken Vest. Det er søkt midlar frå Spelemidlane. Tiltaket har god støtte frå Hardanger Rock i Dimmelsvik, Br. Musland Maskin og Dimmelsvik Entrepenør. Gode sambygdingar står saman for å få noko til. Ballbingen er i produksjon. Vidare er det køyrt inn over 300 tonn grus. Sjølve arbeidet med sykkelbanen startar siste veka i juli. Alt blir asfaltert fyrste veka i august.

Klargjering til prosjektet rullepark, ballbinge og oppgradert skaterampe.

Plassen der det var trær til klatring, kan brukast. Prosjektleiinga er interessert i å få inn idear og framlegg til nye aktivtetar.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Prosjektskisse/ Per Korsvold/ Kristian Bringedal