Arbeidet med ny vassledning i Eikevegen tek til i neste veke.
Uskedal Vassverk melder at arbeidet med ny vassledning frå Sørestølen og ned til Fylkesvegen tek til i neste veke. Måndagen vert brukt til klargjering. Vegen vert heilt stengt frå tysdag 27. september. Gravinga tek til nede ved hovudvegen og går på opp. Vegen frå Padlane og ned Padlaporsen er rusta opp og kan brukast av fastbuande og andre som treng koma seg fram til husa i område. Sjå skilting.
Tekst: Uskedal Vassverk Foto/nett: Kristian Bringedal