Kjetil Bondhus saman med Anne Marie Monsen driv Bondhus Monumentservice. Kjetil, som mange kjenner frå snøggbåtane til Nordled og no ferja på Sydnes, starta firma i 2017. For eit år sidan gjekk dei saman i eit eige AS. Anne Marie står for tinging av blomar, planting og tilsyn. Kjetil monterer og restaurerer gravminne. I Uskedalen kan det vera borti 10 nye gravminne i året. Så kjem all oppussing med reinsing, ny skrift, nye namn og lakkoverflate.

Uskedalen er ein av mange kyrkjegardar Kjetil Bondhus er innom. Firma har oppdrag i Kvam, Fusa, Bjørnefjorden og Odda i tillegg tl Kvinnherad. Kyrkjegaden i Uskedalen høyrer til dei betre plassane å arbeida. Terrenget er flatt og grunnen er turr. Verst er det på våte plassar der ein lett set spor, jamvel med lette køyrety.

Dei pårørande tingar gravminne gjennom gravferdsbyrået. Kjetil har difor ikkje noko med utforming, design, motiv og val av skrifttypar å gjera. Han monterer gravsteinen slik det er bestemt. Det gjeld også for dei som vel ein naturstein, til dømes levert frå Sollesnes eller ein sjølvvald elvestein. Uansett må gravminne godkjennast til bruk på ein kyrkjegard. Det er best å venta 2 – 3 månader med montering av ny stein, til grunnen er stabil og til jordmassane har sett seg.

Bondhus Monumentservice med sine tenester.

Det er tre vekers levering. Mindre oppusssing tek han sjølv med noko hjelp av dotter si. Meir omfattande arbeid vert gjort av fagfolk. Det har den siste tida kraftig på med oppdrag. Det kan ha noko med koronaen å gjera, Folk tenkjer meir på som er nært som til dømes gravstell og vedlikehald og at det skal sjå fint ut på kyrkjegarden. Kommunen fasar ut det som vart kalla legatgraver. Mykje av dette arbeidet vert vidareført av Monumentservice.

Kjetil Bondhus fortel til uskedalen.no at han har nøgde kundar. Det er lite klage. Om det skulle vera noko, finn ein alltid ei løysing.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal