Stoff og bilde stort sett klare for overlevering til grafikar.

Styret og skriftstyret i Uskedal Historielag hadde møte mandag, og etter møtet kan vi konkludera med at stoffet til den første boka i i den loalhistoriske serien i hovudak er klart. Stoffet er så godt som ferdigskrive, mykje er korrekturlese og bildemateriale er på det næraste ferdig scanna. Dermed er det snart klart for overlevering til grafikar.
Entusiasmen og dugnadsinnsatsen rundt arbeidet er på topp, og det er mange og forventningsfulle spørsmål frå andre om arbeidet.
For eit nystarta lag er det likevel utfordringar, og det gjeld først og fremst økonomi. Det er behov for ein grunnkapital for å gå i gang med eit slikt prosjekt. Heldigvis hjelper tilskot frå kommunen eit stykke på veg.

Arbeidstittelen for skriftet er “Uskedalen – den nære fortida”, og det vil innehalda stoff som burde interessera dei fleste med ei viss tilknytning til Uskedalen. Mesteparten av stoffet er henta frå dei siste 80 åra, og grunnlaget for mange av artiklane er minne som er fortalt av dei eldre i bygda. Det har vore så mykje og interessant stoff at nokre artiklar må venta til den andre boka i serien som forhåpentlegvis kjem allereie hausten 23. Dei som har arbeidd med stoffet, har hatt mange veldig kjekke og interessante stunder, og dei håpar å formidla dette vidare til lesarane. I første boka vil det bli stoff om:

  • Sunnhordlandsmeisterskapa i friidrett som har blitt arrangert på Heio
  • Den første firhjulstraktoren i Uskedalen
  • Systova som Sverre Arnesen leia i rundt 20 år.
  • Skreddarane Jakob Myklebust og Kjell Yri
  • Dei tre bakeria i bygda. Eit fjerde bakeri som var tidlegare, er og omtala.
  • Minne frå evakueringa under krigshandlingane i april 1940.
  • Det gode og aktive damehandballaget i etterkrigsåra.
  • Gutteklubben Gordon med møtelokale i ein nedlagd revagard.
  • Dramatisk skredulykke på Kjerland.
  • Rutebåtane og livet på kaiane.
  • Uskedalsfartøy.
  • Skotårsfest, jonsokfeiring og 17.mai 1914.
  • Skirenn på fjellet.

Tilhøyrande eldre bilde er viktige for artiklane, og vi håpar at det blir ei bok lesarane set stor pris på. Det er venta at boka er klar i månadsskiftet oktober/november, men det blir truleg førehandssalg før det. Dette blir informert om her på Uskedalsida, og på facebooksida Uskedal Historielag som vi oppfordrar alle med interesse for arbeidet i laget til å lika.

Salikat Design, Åslaug Snilstveit, skal ta seg av det grafiske arbeidet, og Renessanse Media skal trykkja.

Skriftstyret er: Astrid Haugland, Harald Sætre, Torkel Stensletten, Svein Rimestad og Thor Inge Døssland.

Utfordrande økonomi.

Sjølv om arbeidet har gått med liv og lyst, og alt blir gjort på dugnad, er det også utfordringar med eit slikt prosjekt for eit forholdsvis nyskipa lag utan grunnkapital i kassen. Heldigvis har kommunen støtta oss med 25.000 kr, og vi har fått inn litt i medlemspengar. Men det trengs meir for å få produsert første boka. Salgsintektene vil så bli brukt til produksjon av bok nr.2.
Derfor vil styret i næraste framtid venda seg til bedrifter med håp om sponsorstøtte.
Uskedal Historielag blir og veldig glade om privatpersonar støttar arbeidet med gåve. Den kan gjevast til konto 3207.37.52026.

Vi blir svært takksame for all støtte.

Styret i Uskedal Historielag er: Kristian O. Bringedal (leiar), Ståle Eik (kasserar) og Svein Rimestad (skrivar).

Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland