Den fine sommaren og hausten gjer sitt til at ulike ting i naturen oppfører seg unormalt, Såleis kan Audun og Liv Eik nyta nyplukka bringebær frå eigen hage i Paradiset der dei bur på Kjerland. Og i helga skrur vi klokka tilbake til vintertid, medan vi blar om til november på kalendaren på mandag!
Normalt sett skulle desse plantene ha kvilt no, men som de kan sjå på bildet har dei utsett kvileperioden. Dei ventar ikkje til 2022 med å by på godsakene.
Vi seier berre NAM, NAM!

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Audun Eik