Anders Totland frå Valen har mange lesarar i Uskedalen, born, ungdom og vaksne. No er han ute med boka Til jord skal du bli. Les kva forlaget Samlaget skriv i førehandsomtalen: Det blir mykje på ein gong for Jacob Juul. På få dagar går han frå å vera pensjonert prest og spritseljar som nyt sitt otium, til å bli enkemann og nybakt bestefar for ei 7 år gammal jente. Og om ikkje det var nok, blir han også drapsmann. No har han ein daud torpedo i spritskjulet å kvitta seg med og ein kriminell konspirasjon å redda seg sjølv og vesle Isabella Donnatina frå, men heldigvis har ein livslang karriere i Den norske kyrkja førebudd han på å møta dei fleste omstende med ro og optimisme. For som han seier det sjølv: «Det er utruleg kva ein opplever gjennom meir enn 40 år med besøk i private heimar for å planlegga dåp, bryllaup og gravferd.» Boka kan kjøpast i bokhandelen både i Rosendal og på Husnes.

Anders Totland er ute med boka Til jord skal du bli.
Tekst/foto: Presseskriv
Nett: Kristian Bringedal