Mr Pub ( Øyvind Hansen ) kjem til Vertshuset Perla laurdag 4. juni. Han er ein omreisende trubadur fra indre Arna som har reist land og strand i Noreg og i Spania i heile 30 år. Mr. Pub underheld og spelar variert dansemusikk og allssonglåtar som dei fleste kjenner. Han er kjend for skapa god og fin stemning. Elin Enes fortel til uskedalen.no at ho ynskjer å laga ein amerikansk aften med servering av masse amerikanske godbitar og med musikk til. Amerikansk afen er det einaste opne arrangementet på Perla på denne sida av sommaren. Det vert mange lukka arrangement i juni og i juli treng ho alt personale i Rosendal. Difor: La ikkje denne sjansen gå frå deg. Finn fram danseskoa. Bordbestilling – send sms til 470 12 125.

Tekst/net: Kristian Bringedal
Foto: Pressefoto