Amalie Røstbø ( 27 år ) frå Uskedalen/Sunde har sagt ja til å vera 17. mai talar i Uskedalen. Amalie er den nye galleristen på Galleri G Guddal. Ho debuterer med sin fyrste utstilling no i påskehelga. Amalie med mor frå Uskedalen og far frå Sunde vaks opp og gjekk på skule i Uskedalen. Ho er inne i sluttfasen av ein master i samtidskunst – Kunsthistorie ved Universitetet i Bergen. No kjem ho tilbake i Kvinnherad for å jobba med kunst.

Amalie var nyleg gjest i NRK Hordaland. Ho er truleg den yngste gallerieigaren i landet. Ho vart av Gøril Guddal spurt om å overta det landskjende kunstgalleriet i Guddlstunet. Dronning Sonja har vore ein av mange nasjonalt kjende utstillarar.

Styringsgruppa med Frøydis Gjuvsland, Siren Simonnes og Lene Gjuvsland Skjelnes og 17. mai komiteen har gjort ein god jobb så langt. Dei er tidleg ute og har tankar om nokre endringar i programmet for nasjonaldagen. Program for dagen med juseteringar var lagt ut etter påske.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Kjell Magne Haugland