Kvelden før kvelden skal alt vera klart til den store låvedansen på Dønhaug. Dansebandet Gunslingers går på scenen på kl. 22. Dei spelar eit langt sett. Bussane er klar for avgang kl. 01.20. Alle dei 500 billettane er selde. Det er såleis ikkje sal av billettar ved inngangen. Alle er registrerte i billettsystemet og arrangøren må til ei kvar tid kunna syna gjestelista som dokumentasjon. Tryggleik og sikerhet er ei prioritert oppgåve. Det er leigd inn vakter, to frå Politiet og tre cecurityvakter. Medlemer frå bryggjarlaget står i porten, eit ansvar dei har hatt mange gonger tidlegare. Alt sal i baren går med bongar. Det er også høve til å kjøpa bussbillett til kostpris i baren. Bussane på inn går til Løfallstrand På ut går bussane til Husnes før deling med ein buss på Halsnøy og ein buss på sør mot Utåker. Arrangøren Magne Huglen ynskjer alle velkomne til Dønhaug i morgon, onsdag 5. april.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Pressefoto