Dugnadsgruppa var på Klepp i går ( sjå bilete ) og klargjorde for opninga av gapahuken i dag, torsdag 9. september, kl. 17.00. I det fine veret er det venta mykje folk. Det er difor viktig at alle er ute i god tid og at ein rettar seg etter desse punkta:

  • Skogsvegen på Haugland kan brukast på vanleg måte mot betaling på VIPPS: 410 42 659.
  • Dei som har bil med tohjulsdrift, parkerer ved 2. svingen ( Vårstøl ).
  • Dei som har bil med firhjulsdrift, parkerer ved 5. svingen ( Indianarsvingen ).
  • Parker langs vegen etter kvarandre.
  • Fyll opp bilane.
  • Ingen køyrer på ned før arrangementet er ferdig.
  • Ta med drikke/kaffi – det vert servert vafler, truleg med blåbær og sukker.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Audun Eik