Konserten med Ivar Skippervoll i Uskedal kyrkje, fredag 10. mars kl. 18.00 går etter oppsett plan. Barnekoret Singing Tweens vert med og det er ikkje forseint for andre born til å melda seg på. Frammøte i kyrkja fredag kl. 16.30 til øving og gjennomgang. I pausen før konsert vert det matøkt. Meld frå til Nelly Kjærland ( mobil: 950 82 320 ) dersom nokon har matallergi. Konserten er godt kunngjort med omtale og lysingar. Alle, foreldre, besteforldre, born og andre, er velkomne til ein fin konsert fredag kl. 18.00 i Uskedal kyrkje.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Pressemelding