
Alt er i rute til julegrantenning i morgon, fredag 29. november, kl. 17.00.
I dag var det faste pyntegjengen i aktivitet. Då fekk dei på plass både “stjerna” i toppen og lyslekkjene. Den rutinerte gjengen gjorde arbeidet kjapt og effektivt, og arbeidsfordelinga var som vanleg. Ståle Eik som går mot 81. år var i toppen saman med 5 år yngre Knut Steinsletten medan Lars Myklebust hadde full kontroll som bakkemannskap.

Det skulle vore artig å ha visst kor lenge desse karane har stått for pyntinga av Grano som har lyst kvart år sidan 1963. Det var brot i ein straumkabel til masta. Ny kabel kom på plass. Meir om programmet kjem i eige innlegg.

Tekst: Thor Inge Døssland Foto/nett: Kristian Bringedal