Neste allsong tirsdag 1.oktober kl.12.

Det er ein godt innarbeidd tradisjon med allsong på Kafè Tiaren siste tirsdag i kvar månad. Denne gongen blir denne kjekke tradisjonen flytta ut ei veke til 1.oktober. Normalt er det Rustne Menn som leiar allsongen, men denne gongen er det blåsarane i musikklaget som gir tonefølgje saman med Kristian Bringedal. Han er fast og dyktig forsongar når musikklagsgjengen er rundt med allsongprogramma sine.
Denne gongen blir det også ekstra spesielt. Musikklaget har fått trykt opp eit allsonghefte som blir brukt for første gong. I heftet finn ein 50 kjende og gode allsongar. Mange av desse har bandet fåt laga spesielle musikkarrangement til. Per Olav Paulsen frå Sagvåg og Bjørn Aakre frå Trondheim har laga desse. Det blir veldig kjekt for musikklagsmedlemmene å få spela til allsongen, og å nytta det nye heftet.

Altså: Allsong på Tiaren 1.oktober, ikkje 24.september. Velkomne til god drøs, god mat og ein songglad halvtime.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto