Vanlegvis er det allsong med Rustne Menn på Kafè Tiaren siste tirsdag i kvar månad. I morgon blir blir det likevel ikkje allsongøkt. Ein av dei tre rustne mennene er nemleg på ein velfortent ferietur og slikkar sol. Men trioen skuffar ikkje sitt trufaste publikum. Om to veker blir det lagt inn ein ekstra runde med allsong så vi får glede oss til den tid. Det blir nok likevel koseleg på den kjekke møteplassen i morgon.
Siste tida har det vore gledeleg oppgang i frammøte. Ein del av denne oppgangen kjem av at fleire og fleire mødre møtest med babyane sine. Det gjer det også ekstra kjekt for deil eldre kafèbrukarane.

Tekst, arkivfoto og nett: Thor Inge Døssland.