Musikklaget planlegg vårhalvåret.

Musikklaget har så vidt tatt av seg dei flotte, nye nissehuene, før dei er i gong med planlegging av vårsesongen. I tillegg til at bandet er spurt om spelingar, håpar dei å stå for to arrangement sjølve i ungdomshuset Helgheim. Først av desse blir det ein Song- og musikkglede-kafè. Den blir 2. mars då korpset har fylt 89 år dagen før. På denne tilstellinga vil dei nye, flotte songhefta til korpset og allsongen vera i fokus. Det blir to avdelingar med allsong som blir leia av forsongar Kristian Bringedal med nokre publikumsvennlege instrumentale nummer innimellom. Desse programma har blitt veldig godt mottatt der dei har vore brukt, og musikklaget har funne at det er på tide å presentera konseptet på ei tid der alle har mulighet til å få det med seg. Mellom avdelingane blir det tid til kaffidrøs, og sidan dette er fastelavnsøndag, seier det seg vel mest sjølv kva som blir servert i kaffiøkta. Det blir også tid til loddsalg av eitt eller anna slag.

Det blir ei oppleving å høyra Yuko Shuto i Helgheim. Endeleg!! Foto: Thor Inge Døssland

I det andre Helgheimsarrangementet vil korpset setja fokus på dei flinke musikkungdomane vi har i bygda. I tillegg vil “solstråla frå Japan”, den eminente pianist og pianolærar Yuko Shuto, bli presentert. Ho er ikkje berre ein super pianist sjølv. Dei flinke elevane hennar er bevis på kva pedagog ho er! I tillegg til Yuko og pianoelvane vil vi få høyra flinke blåsarar akkompagnert av Yuko Shuto. Musikklaget vil også ha ei avdeling, denne gongen med hovudvekt på publikumsvennleg instrumental musikk. Arbeidet med innhaldet i denne konserten er starta utan at vi foreløpig kan gå ut med ein fast dato, men ein mulighet er 6.april. Dette gler vi oss veldig til!
Musikklaget håpar at desse to nyskapingane skal bli godt mottekne av publikum.

Elles er det byrja å komma inn førespurnader om spelingar med korpset. 25.februar stiller dei på Syng med oss på Rosendalstunet. Dei håpar på liknande invitasjon frå fleire tun. På fredsmarkeringa på Stemneplassen 8. mai (80 års jubileum) skal dei spela, og B-korpset i Sagvåg har lufta interessa for eit Stord-besøk. Dette er ikkje avgjort enno. Elles dukkar det nok opp spelingar som er meir eller mindre faste kvart år, og forhåpentlegvis nokre nye invitasjonar. Det er alltid kjekt å opptre for publikum.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland.
Arkivfoto.