Veteranane i musikklaget har til tider slått til med songinnslag innimellom tonane frå instrumenta sine. Komande tirsdag tar det “han heil ut” når dei inviterer til allsong på Kafè Tiaren.
Vanlegvis er det Rustne Menn som pleier å leia dei populære allsongøktene på Tiaren siste tirsdag i kvar månad, men sidan ein av medlemmene deira er vekkreist komande tirsdag, passar det godt at veteranbandet steppar inn. Dei har sett saman eit kjekt allsongprogram, og har fått med seg Kristian Bringedal som forsongar. Bildet over viser bandet under ein konsert på Stemneplassen nyleg. Der og glimta dei til med song.

Dei to 94 åringane Trygve Haugland og Eva Myklebust er trufaste tilhøyrarar når musikklaget spelar. Her er dei fotografert på Kafè Tiaren sist tirsdag.

I tillegg til kjende allsong-klassikarar som Bedre og bedre dag for dag, Å, Vestland, Vestland, No kjem ein vals og Det var på Capri, blir det også nokre gode allsongar som ikkje blir brukt like ofte. Ekstra kjekt blir det å høyra Engel Stensletten sin vakre song til Eikedalen ljoma i dei gamle skulelokala.

Musikarane vil veksla på kor mange som speler til dei ulike versa på songane. Dei som ikkje speler, vil delta i songen, men det er heile tida allsongen frå publikum som er det viktigaste. Musikarane trur denne variasjonen i tonefølgje vil gjera det ekstra kjekt, og dei er svært glade for at dei har fått med seg Kristian Bringedal som forsongar.

Det er å håpa at mange tar turen til Gamleskulen på kafè komande tirsdag. Dei vil heilt sikkert få ei svært koseleg stund. Kafèen opnar til vanleg tid, medan allsongøkta startar kl. 12.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland