Kom og bli med på songen tirsdag kl. 12.

Førstkommande tirsdag er det klart for ein ny runde med allsong på Kafè Tiaren i Gamleskulen, slik det er siste tirsdagen i kvar månad. Til vanleg er det Rustne Menn som leiar an i songøkta, men denne tirsdagen er det Veteranbandet i musikklaget som har overtatt den rolla. Dei er så heldige at dei har med seg Kvinnherad sitt svar på Odd Grythe, Kristian Bringedal, som forsongar denne gongen og. Det garanterer for både høg allsongfaktor og topp stemning. Musikkgjengen trur at det blir like kjekt som ved tidlegare allsongøkter og håpar mange vil bli med.

Med korpset som tonefølgje vil det bli eit godt og innhaldsrikt allsongprogram på ca. 1/2 time frå kl. 12 og utover. Kjende og gode allsongar er på programmet. Sidan sist har gjengen i bandet fått Bjørn Aakre til å arrangera allsongklassikarar som Nidelven og De nære ting for dei. Med unnatak av den vakre svenske songen Lugn vilar sjøn har alle songane norsk tekst. Johannes Kleppevik er representert med No kjem ein vals. Hver dag er en sjelden gave og Bedre og bedre dag for dag blir med saman med fleire andre.
Det blir også to instrumentalenummer, velkjende Det var på Capri og Hva var vel livet uten deg, kjenningsmelodien frå den populære TV-serien Fredriksons Fabrikk. Her og kan alle sjølvsagt nynna eller synga med.

Det burde liggja til rette for ei svært koseleg songstund med Kristian og Veteranbandet på Tiaren på tirsdag, og som alltid er det noko godt å bita i og god prat.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto: Kristian Bringedal