No er alle egga funnen. Mange, unge, eldre og famliar, har vore ute på tur. Det gjekk ikkje lang tid før fyrste egget var funnen. Dei som låg på Skårhaug blei funnen raskast, medan eit blei liggjande ei god stund i fred på Flåtene. Kari Bråtun i prosjektet LivOGlyst fortel at det har vore eit vellukka tiltak. Det er mange gode tilbakemeldingar.

Skårhaug var eit av turmåla for å finna påskeegg.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal