Absolutt alle billettar til påskearrangementet med Gunslingers på Dønhaug 5. april er selde, og det vert ikkje lagt ut fleire billettar. Dette arrangementet har vore utseld dei siste 4-5 gongene, noko ser svært positivt. Dessverre ser det ut til at personar spekulerar i dette og dei kjøper opp fleire billettar enn dei treng sjølve, for så å selja dei vidare på «svartebørs», for ein langt høgare pris enn billettprisen. I fjor blei det selt billettar til påskedansen til opp mot 5 gonger billettprisen. Både dei som sel og kjøper slike billettar til kultur-og idrettsarrangemnet, bør vera merksame på at dette er ulovleg. Ein har lov å selja vidare billettar, men då til den prisen som står på billetten, pluss evt. omkostningar/avgifter.


Alle billettane er elektroniske og blir skanna ved inngang. Difor kan ikkje same elektroniske billett bli nytta meir enn ein gong. Kjøpar ein på «svartebørs» kan ein risikera at billetten er seld fleire gonger til ulike personar, men det er berre den fyste som skannar billetten som kjem inn.


Dette påskearrangementet har blitt ein tradisjon som samlar ungdom i ulike aldrar frå heile distriktet. Det er kjekt for oss, som arrangerer, å sjå alle dei flotte ungdommane som «kosar» seg på låven i lag med gode vener, og ynskjer gjestene velkomen til Dønhaug 5. april. Dørene opnar kl 20.30, bandet går på scenen kl 22 og bussar heim går kl 01.20.

Tekst/foto: Pressemelding
Nett: Kristian Bringedal