Alfred Eik bur i dag på Rosendalstunet. I går vart 90 års dagen hans markert med slekt, vener og med mykje song og musikk. Bjørgulv Eik, som også er 90 år, bar fram helsing frå Uskedal musikklag og delte gode minne om tida frå oppveksten på Eik. Dei vart konfirmerte same året og gjekk i same klassen 2. kvart år. Bjørgulv hadde med esskornetten Alfred fekk utdelt då han byrja i Uskedal Musikklag, truleg alt som 12 åring i 1945. Bjørgulv kom med i 1948. Alfred var ein dyktig korpsmusikar. Han hadde det musikalske ansvaret for Guttemusikken kring 1960. Då han flytta og busette seg i Herøysundet, var han dirigent både i musikklaget og skulemusikken. I ein kort periode var han dirigent for tre korps på same tid.

I helsinga si fortalde Bjørgulv artig frå barndomen på Eik. Dei fann på mykje og ikkje alt var utan fåre. Ein gong laga dei seg til med løypestreng frå Haugaberget og ned til skytja i tunet. Med kappa stokkar gjekk løypinga fint, men så fann dei på at det skulle hengja på ei trestamme. Det enda opp med at stokken gjekk tvers gjennom bordkledningen og inn i skytja. Mor til Bjørgulv, Borghild, var på plassen og vart nær på skada.

Om vedinga i Haugaberget song dei ei vise på tonen Å, vesle lerka:

På Haugaberget vi fara vil, med oks og sag og med loggekniv. Å fedla ei bjørk så stor som so. Å løypa er det kjekkaste på jord. Å hei og hi …….

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal