Men lite folk.

Pål og Astrid Haugland er kvar påske på hytta deira, Mannsbu, som ligg så idyllisk til ved Mannsvatnet. Denne påska gjekk dei opp på overnattingstur skjærtorsdag saman med sonen Gaute og barnebarnet Lavrans. Dei kom ned att på påskeafta, men Pål og Astrid var i tillegg på dagstur 1. påskedag.
Dei kan fortelja om heilt idylliske forhold. Det var ikkje berre veret som var bra, men snøforholda var også heilt fantastiske.

Idyll!

-Det var heilt fantastiske forhold. Eg kan no sei at det dei siste 50 åra, eg vil ikkje gå lenger tilbake for då røper eg kor gammal eg er, har det ikkje vore maken til forhold ved Mannsvatnet, startar Pål og Astrid nikkar samtykkjande.
– Det var så masse snø at vi kunne gå nett kor vi ville, og snøen var så sett at du kunne gå på skorne over alt, og i tillegg var det så mykje sporsnø at det var heilt topp forhold til å gå på ski. Det må ha vore noko med snøen som har komme i vinter, for eg har aldri opplevt det liknande!

Vakkert!! Innover frå hytta Mannsbu!

Når eg spør om det var mykje folk der oppe, merkar eg at han nærast blir litt melankolsk.
– Nei, det var mest ikkje folk. Første kvelden var det berre lys i ei hytte i tillegg til vår, og langfredag kom det fire karar til ungdomslagshytta “Fjelly”.
Ute terrenget var det mest urørt natur. Frå ungdomslagshytta og innover var det ikkje eit einaste skispor å sjå, fortel dei, og dette høyrest mest utruleg ut for underteikna som hugsar tilbake på dei store ansamlingane med folk ved Mannsvatnet i barn- og ungdommen. På den tida var det den sentrale påskeutfartsplassen for Uskedalen.
– Ja, og så tok eg og Astrid oss ein dagstur i går, og då presterte vi å gå heile dagen der utan å sjå eitt menneske, fortel Pål.
– Ikkje eitt menneske, understrekar Astrid.

Reven på bildet nytte også påskehøgtidsfreden!

At det har vore stille og fredeleg der i påska, blir understreka av ei dyrehistorie. Fredag føremiddag oppdaga plutseleg Gaute ein rev ute på Mannsvatnet.
– Det viser at den ikkje har blitt uroa. Gaute fekk zooma den inn og teke bilde av den, fortel Astrid.

Stille og roleg var det ved Mannsvatnet denne påska, men eventyrlege forhold var det både for dei få i hyttene, og dei få som var på dagstur. Vi som var heime, får nyta dei nydelege bilda.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Gaute Haugland