Veteranane i Uskedal Musikklag er i godt driv etter koronaperioden. I fjor hadde dei 11 opptredenar i hausthalvåret, og alt teiknar til at det skal bli kjekt framover og, med mykje aktivitet. Det er ganske tett mellom bookingane for bandet dei næraste månadene.
Bandet har to ettermiddagsøvingar på om lag ein time i veka, tirsdag og torsdag. Øvingane er i møterommet på Stemneplassen. Det er særs god stemning på øvingane med så tett opp mot 100% frammøte som mogeleg. Alle møter i god tid, og det er meir vanleg at øvingar startar 5 minutt før tida enn at dei begynner etter den oppsette starttida. Etter siste tilskotet i kornettrekkja har bandet ein jamn og balansert besetning på vel 10 musikarar. Bildet over er henta frå den siste spelinga i 2022, julefesten i Vonheim på Haugland.

Dei næraste to månadene har foreløpig bandet 7 spelingar på planen før dei spelar seg inn i den store korpsmånaden for mange; – mai. Det kan sjølvsagt bli endå fleire. Andre spelingar har òg vore på tale. Vi nemner desse opptredenane frå speleplanen:

  • 28. februar: Bygdekafè i Herøysundet kl. 12.30
  • 07. mars: Allsong på Kafè Tiaren kl. 12.
  • 14. mars: “Syng med oss” på Rosendalstunet kl. 16.30. Uskedal Helselag deltar òg.
  • 22. mars: Musikk og allsong i regi av Optimisten på Halsnøytunet kl.15.30.
  • 30. mars: Gjester på korkafèen som Røysterett for Alle arrangerer i Helgheim.
  • 12. april: “Syng med oss” på Husnestunet kl. 16.30.

På Kafè Tiaren og på tuna blir det hovudvekt på allsongprogram frå songheftet til bandet ispedd instrumentalnummer. På desse opptredenane er vi så heldige å ha med Kristian Bringedal til å leia songen. I Herøysundet og Helgheim blir det vanlege konsertavdelingar.

Musikarane gler seg til desse og andre spelingar som måtte dukka opp!

Tekst: TubaThor
Arkivfoto: Tore Mathiesen
Nett: Thor Inge Døssland