Elins Matgleder legg opp til to arrangement komande laurdag 11. November på Vertshuset Perla. Dette er einaste gongen Elin er heime frå Spania før jul og kan laga til Afternoon Tea frå kl 13.00 og så Spansk aften frå kl 18.00 . Afternoon Tea: Velkommen til te, bobler, god mat og god stemning i sjøkanten. Ta med vennegjengen, klubben eller kollegaene dine for ei festleg stund i godt lag. Kr 389,- pr pers inkludert te. Spansk aften: Velkommen til god tapas og god stemning i sjøkanten. Du får servert eit bugnande fat med, gode kjøttboller i heimalaga tomatsaus, spanske ostar, kjeks, serranoskinke, focaccia, aïoli og mykje anna digg. Ta med vennegjengen, klubben eller kollegaene dine for ei festleg stund i godt lag. Kr 349,- pr pers. Kanskje kan dette vera eit alternativ til det tradisjonelle julebordet? For begge arrangementa: Forhåndbestilling av bord på sms til 470 12125.

Tekst/foto: Elins Matgleder
Nett: Kristian Bringedal