Admiral P til Festidalen.
Admiral P er ein av Noreg sine mest folkekjære artistar. Kjend for sin særeigne miks av reggae og norskspråklege tekstar, med eit sterkt bodskap om kjærleik og samhold. Admiralen vaks opp og trakka sine tretten første år av livet i Zambia. Og varmen og livsgleda han har tatt med seg frå denne tida, treff det kalde nord mitt i hjarta. Karen har blitt streama over 150 millionar gongar, og krøpe inn under huden på Ola og Kari. Og live klinkar han til med energiske og hjartevarme show. Det ryk av scena og dampar av publikum. Alltid!
Tekst/foto: Pressemelding Nett: Kristian Bringedal