
Å pussa messing i kyrkja.
Å pussa messing er eit fast omgrep, særleg til sjøs før i tida. Dei som har segla med Statsraad Lehmkuhl, veit kva det er å pussa messing. Alt skal skina. To timar før soknerådsmøte i dag var fire medlemer samla for å pussa messing, nemleg den sjuarma lysekruna, demontert og lagt ut i 40 bitar. Ikkje nok med det. Det vart også tid til å pussa døypefatet og dei store lysestakane på alteret.
Det finst kjerringråd for pussing av messing. Mange brukar sitronsyre og Zalo i varmt vatn. Andre tyr til eddik og salt. Soknerådet heldt seg til kjøpte og godkjende pussemiddel og skylling i varmt vatn til slutt.
No skal det skina til konfirmasjonsgudstenesta neste sundag.
Tekst/foto/naett: Kristian Bringedal