20 kvinner og menn på dugnad i Båthamna.
Uskedal Båtlag lever opp til omdøme Dugnadsbygda Uskedalen. Heile 20 personar møtte fram til vårdugnaden i går. Arbeidslista var lang, men med god arbeidshjelp vart det meste gjort. Dugnadsleiarar er Jan Henrik Hansen og Hans Gustav Mussland. På bilete ser vi f.v. Leif Viken, Thor Arne Fjeld og Ronny Stensletten.
Det vart jobba på ei rekkje område i hamna med rydding, beplantning, skraping og måling. Informasjonstavla vart fornya og alle kart og turalternativ vart montert på nye plater. Postkasane har fått ny og frisk raudfarge. Rosetrea vart klipte og der er gjort klar for evt. for ny planting.
Søkk i plenen er jevna ut med påfyll av mold. Dette gjer plenroboten tek seg lettare fram og ikkje køyrer seg fast. Baksida på nokre av utstyrsbodene er delvis slitne. Veggene vart skrapa og målte.
Uskedal Båtlag har eige overvakingskamera. Nytt kamera vert montert med det fyrste.
Tekst/foto: Kristian Bringedal