Amatørteatergruppa i Uskedal ungdomslag er samla kvar måndag for å øva inn Dreng som duger i to akter av Jørgen Vikør. Målet er framsyning 11. november då Bjørgulv Eik fyller 90 år. Det som er spesielt, er at jubilanten går inn og tek hovudrollen, den morosame drengen med mange påfunn og gode replikkar. Bjørgulv har hatt mange roller i mange spelstykke i ungdomslaget. Sist Dreng som duger vart framsynt hadde Bjørgulv rollen som løytnant, no er han drengen Per. Gunvald Friheim er fem år yngre enn Bjørgulv. Han har rollen som gardeigaren og enkjemann.

Amatørteatergruppa i Uskedal ungdomslag. f.v: Bjørgulv Eik, Hans Reidar Kjærland, Møyfrid Kristoffersen, Randi Ljosnes , Gunvald Friheim og Magne Eik.

Alle i spelgruppa har vore på scenen før. Hans Reidar Kjærland og Magne Eik hadde mellom anna sentrale roller i Skjægårdsflirt. Det same gjeld for Møyfrid Kristoffersen og Randi Ljosnes. Dreng som duger av Jørgen Vikør , skrive i 1934, har vore framført mange gonger i ungdomslaget med ulike aktørar. Den mest profilerte drengen er utan tvil Jon Steinsletten. Året før NU stemna i Kvinnherad var spelgruppa til Stryn med Dreng som duger. Det var ein del av marknadsføringa for landsstemna.

Forfattaren Jørgen Vikør frå Norheimsund var bokhandlar. Han har også skrive seterlivsstykke På Listøl ( 1932 ). Seinare kom Brørne på Lihaug i 1941.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal