Arbeidet fram mot ei ferdigstilling av rulleparken går etter oppsett plan. I denne veka har entreprenørfirma NCC Asfalt vore i Uskedalen for asfaltlegging av Trumptracken og andre grusflater i nordre del av Aktivitetsparken. Det er lagt ut om lag 80 tonn, det meste maskinelt, men også mykje med handamakt. To trillebårer av den gamle sorten var i bruk når ein skulle leggja asfalt i sykkelløypa. Asfalten kom i bulk frå Bergen. Arbeidarane kom frå ulike deler av landet, også frå Polen. Dei hadde alt vore på fleire tilsvarande oppdrag som i Uskedalen. Rulleparken skal offisielt opnast om ei veke, laurdag 26. august på LivOGlyst markeringa.

Utlegginga starta på onsdag. Den gamle trillebåra er i bruk.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal