Interessa er stor for dei kommunale middagane, eit gratis tilbod til alle over 65 år i Kvinnherad. Det heile starta i Mauranger i dag med 80 seniorar frå heile Kvinnherad samla i OlaLøo. Det vart servert blomkålsuppe til forrett, svinesteik til hovudrett og karamellpudding med kaffi til dessert. Alt smakte godt. Tore Nordahl-Pedersen frå Uskedalen, også kalla Tore med bassen, stod for frisk underhaldning med country og rockelåtar frå 1960 talet på repetoaret. ( Sjå bilete )

Uskedelingane veit å kosa seg i godt lag.

Om lag 15 personar frå Uskedalen valde å vera med på middagen i Mauranger. Det var ei gild samling der ein fekk møta pensjonistar frå mange bygder. Det var særleg godt frammøte frå Varaldsøy, Ølve og Hatlestrand, men også frå Husnes og Halsnøy.

Rustne Menn er engasjert på tre av dei fem middagane seinare i veka. Egil Vaage frå Sunde vil ha underhaldninga på to av samlingane. Eit samla tal personar, som nyttar seg av tilbodet, er rundt 500.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal