Presist kl. 09.00 møtte fire klassar, tilsaman 50 elevar, frå Uskedal skule på Stemneplassen for markering av Fridomsdagen 8. mai. Elevane frå 4., 5., 6. og 7. klasse fekk ei fin oppleving med flaggheising, kunnskap om krigsminnesmerke og om krigshendingane 18. – 20. april i Herøysundet og Uskedalen. Elevane synte stor interesse og hadde gode og relevante spørsmål. Nokre har historisk interesse og veit alt mykje om tida då Noreg var okkupert 1940 – 1945. Ein elev hadde eit kort innlegg om kva eit sluttstykke er for noko og kva funksjon det har på eit våpen. Det kom fram då vi fortalde om revolverkanona, montert på lastebil og som no er eit minnesmerke på plenen ved Båthamna.

Informasjonstavla, laga av Thor H. Myklebust i 1995, er “gull verdt” i formidlinga av krigshendingane i Uskedalen 18. – 20. april.

Ved minnesteinen vart det lagt vekt på soldatar frå Uskedalen som var mobiliserte aprildagane 1940. Mest tid brukte ein på krigsseglarane og forteljinga om sjømannen Hans Laurits Landa som omkom i torpedering ved Asorene jule- og nyttårshelga 1942. Han kom ikkje heim og er den einaste frå Uskedalen som omkom, så langt vi veit.

Flaggheising med læringsøkt om flaggreglane.

Inne på møterommet er informasjonstavla, laga av Thor H. Myklebust 1995, gull verdt i arbeidet med å formidla hendingane i Uskedalen 18. – 20. april.

Markeringa på Stemneplasen vart avslutta med Nasjonalsongen Ja, vi elsker.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Odd Steinar Arnesen