I September i fjor vart opptaket gjort for 71° nord. I kveld torsdag 31. mars kl. 20.30 på TV Norge kjem innspelinga frå Uskedalen. Deltakarane vaknar opp i Uskedalen og gjer seg klare til ein klatreetappe i Ulvenosa. Her skal dei overnatta under open himmel. Klatringa stiller store krav til deltakarane. Kjem alle seg opp. Dagen etter får gruppene ei nøtt å knekka frå Tom Stiansen før kappløpet ned frå fjellet kan starta.

“71 grader nord – team var som sagt i Kvinnherad i september 2021 for innspeling av nytt program med kjendisar som deltakarar. Det er to grupper med fire personar på kvar gruppe. Kvar gruppe kjempar seg gjennom tøffe og krevjande oppgåver i norsk natur. Fjellveggen i Ulvenosa er ein av lokasjonane. Tom Stiansen er programleiar. Plassen denne gongen er Geitadalen, dalen som endrar opp i botnane mellom Geitadalstind og Høgeteen.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal