Invitasjonen til middag på Perla var klar for snart to år sidan. Pandemien hindra helselaget å gjennomføra arrangementet. I dag, truleg i siste liten før nye restriksjonar vert kunngjort i kveld, var 70 gjester samla til ein vellukka fest med god mat, fengjande musikk og monolog med tekst av Jon Fosse, framført av Vidar Haugland. Styreleiar Eli Roseth Eik helsa velkomen og var festleiar.

Uskedal Musikklag skapte julestemning med framføringa si.

Det vart julestemning då Uskedal Musikklag framførte julesongar og kjende tonar frå den populære og internasjonale julemusikken. Uventa for mange var det Kvinnherad Spelemannslag dukka opp og framførte gamaldans av beste slaget. Det kribla og rykte i dansefoten.

Vertshuset Perla ved Elin verta opp med den beste maten, indrefilet med poteta og gode grønnsaker. Karamellpudding og kaffi smakte godt på slutten av bordseta.

Velkjend for mange, nytt for nokre var den nynorske utgåva av Deilig er jorden. Gunnar Rysstad si omsetjing etter Ingemann, Fager er jordi, vart brukt så lenge Nynorsk salmebok frå 1925 var i bruk i skulen og i kyrkja. I over 50 år har denne teksten vore lite brukt, men straks kjendisar som Herborg Kråkevik og Modi tek fram omsetjinga frå året 1900, er Fager er jordi gjenskapt.

Ingen takka for maten, men med tyngde skal det seiast at Uskedal Helselag ved styret skal ha takk for ein gild og stemningsfull førjulsfest.

Tore Nordahl-Pedersen rigga og hadde ansvaret for god lyd i lokalet.

Kvinnherad Spelemannslag framførte god gamaldans, så god at det rykte i dansefoten.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal