Rabben Ferisenter er ikkje berre ein super plass for tilreisande feriegjester. Det er og ein god arbeidsplass for skuleungdommar som ønskjer feriejobb. Denne sommaren er 6 unge jenter og 1 gut i arbeid på feriesenteret. Felles for alle er at dei trivest svært godt der dei samarbeider med drifta saman med eigaren Magne Heggøy. Det gjev dei tydeleg uttrykk for! Det beste beviset for trivselen er at alle dei 6 jentene har vore der tidlegare somrar. Magne Heggøy på si side kan ikkje få fullrost ungdommane nok:
– Dei er fantastisk flinke og kjekke. Det at dei kjem igjen år etter år, gjer at dei kan jobben, og då slepp eg opplæring.

Eg tar med ein kort presentasjon av nokre av dei 7 ferievikarane ved å stilla dei nokre få spørsmål.
Eldst i flokken er Linnea Hauge, på bildet øvst, som er 19 år.
– Ja, du er altså 19 år. Kor mange somrar har du jobba her?
– Det er i hverfall 3 somrar no. Ja, det er 3-4 somrar.
– Du kjem igjen og igjen, du. Kva er det som gjer det?
– Eg syns jo at det er veldig kjekt, og så er det mange ulike folk frå ulike stader. Det kjem mange nye, og så har vi mange som kjem igjen år etter år. Mange faste, mest frå Tyskland og Norge, då. Det er vel nokon som har vore både 20 og 30 år. Mange kjem kvar sommar for å fiska.
– Kva oppgåver gjer du her på Rabben?
– Det er litt forskjellig. Eg står ofte i resepsjonen og tar bookingar, men det er og vasking av hytter, toalett og masse sånt forskjellig.
– Korleis er det med språk? Får du brukt det du har lært?
– Ja, det er masse kommunikasjon. Det er ikkje alle som er like gode i engelsk, heller, så det kan bli vanskeleg nokon gonger, men det går som regel greitt å komma fram til kva dei lurer på. Eg brukar engelsk i tillegg til norsk. Når det gjeld tysk skjønner eg fort nokon av orda.
– No har du vore her i ein del år. Kjem du tilbake neste sommar og?
– Ja, det er jo eit godt spørsmål. Det er litt usikkert, for no flyttar eg til Bergen for å studera til barnehagelærar. Muligheten er der, for dette er i alle fall ein kjekk plass om somrarane, avsluttar Linnea. Like etter kjem sjefen sjølv, Magne, innom i resepsjonen, og det er tydeleg at tonen mellom dei er lett og god.

Iselin Seim Myklebust

Iselin Seim Myklebust er i full gong med reingjering på fellesrommet då eg møter på ho. Støvsugaren susar, og ho er iført Rabben Feriesenter si kvite piquet-skjorte slik alle medarbeidarane er. Eg avbryt henne i arbeidet for nokre spørsmål.
– Kor gammal er du, og kor lenge har du vore her?
– Eg er 18 år, og det er 3. sommaren eg er her.
– Kva er arbeidsoppgåvene dine?
– Det er no litt forskjellig. Eg er i resepsjonen og tar i mot kundar. Og så vaskar eg hytter og toaletta og sånt.
– Dette er ein jobb du har på 3. året. Det betyr vel at du likar deg godt?
– Ja, eg syns det er ein kjekk jobb, og så er det masse folk og sånn, og hyggelege gjester eg møter.
– Kva syns du er det kjekkaste med denne jobben?
– Eg veit ikkje heilt. Mykje kjekt og variert arbeid. Å ta mot gjester er kanskje det kjekkaste.
– Får du brukt mykje språk?
– Ja, det blir ein del engelsk. Og så er det jo ein del tyskarar her, men eg er ikkje så god i tysk, men eg kan litt. Eg forstår kva dei seier, men eg er ikkje så god til å svara tilbake. Det går mest i engelsk.
– Ja dette er vel ein jobb som er fin å ha erfaring frå seinare i livet?
– Ja, det er jo så variert. Ein dag kan eg vaska vindu, og kontakten med gjestene lærer vi mykje av, avsluttar Iselin Seim Myklebust samtalen om sommarjobben som ho er så fornøgd med.

Ola Hermann Fossli

Ola Hermann Fossli er einaste guten i “ferieflokken”. Har er også ny av året og er yngst, 15 år. Dette er første sommarjobben han har. Det har si forklaring i at han har eit anna arbeidsområde enn jentene. Magne Heggøy fortel at han tidlegare har sakna ein som tar seg av oppgåvene Ola gjer.
– Kva var det som gjorde at du søkte sommarjobb på Rabben?
– Det er jo nærme der eg bur, og så er det mye å gjøre. Det er en fin arbeidsplass med varierte arbeidsoppgaver. Og så har jo Ebba(eldste søstera) jobbet her, og ho har sagt at det er bra her.
– Kva arbeidsoppgåver har du fått her då?
– Eg klipper nå plener, maler litt og sånne ting. Og så hjelper eg litt med båtene. Er litt med Magne når han trenger noen ekstra hender.
– Så du har ikkje noko med resepsjonsarbeid og gjester å gjera?
– Nei, det har jeg ikke greie på.
– Så du er meir som ein vaktmeister då?
– Ja, vi kan vel si det sånn.
– Du jobba ein del saman Magne? Korleis er det?
-Det er gøy det. Det er bra det. Han er en veldig grei kar.
– Kva arbeidstid har du?
– Jeg jobber 9 til 1 til vanlig, og av og til jobber jeg lenger. Det spørs litt.
– Kor lenge har du vore her?
– Jeg begynte 25. juni, så 20 dager da kanskje?
– Kor lenge skal du jobba her?
– Til ut september kanskje, viss det er noe å gjøre da. Tar det litt etterhvert.
– Dette høyrest veldig kjekt ut. Trur du at du kjem til å jobba her neste år og?
– Ja, det er veldig gøy. Jeg kommer nok til å jobbe her viss jeg får lov.
Eg har tru på at det er store muligheter for at Ola er tilbake på Rabben Feriesenter neste sommar. Magne Heggøy er i alle fall svært fornøgd med vaktmeisteren sin.

Ola Hermann Fossli er svært fornøgd med sommarjobben på Rabben Feriesenter. Han håpar å få jobba der neste sommar og.

Dei 4 andre sommarvikarane som ikkje er nemnt her, er han også veldig fornøgd med. Saman med dei 3 ovannemnde får dei mykje ros frå sjefen. Gjennom arbeidet frå Rabben Feriesenter får dei mykje god erfaring som dei vil få nytta av seinare i livet.

  • Norah Hjønnevåg (18)
  • Linnea M. Ripel (18)
  • Maren H. Gundersen (17)
  • Ebba Hermann Fossli (17)
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland