Karin og Kjell Tungesvik gjekk 7-fjellsturen sist sundag. Start og mål er i Marken. Sjølve turen starta i Gravdal og fjella kjem slik: Lyderhorn, Damgårdfjellet, Løvstakken, Ulriken, Fløyen, Rundemannen og Sandviksfjellet. Ein går stort sett opp og ned frå kvart fjell, bortsett frå på slutten då ein går frå Fløyen til Rundemannen og Sandviksfjellet. Turen tok knappe 12 timar. Då hadde dei lagt bak seg 2500 høgdemeter og 67800 steg.

Ulriken – det 4. fjellet er i sikte.

Alle hadde med mat og drikke, sjølv om det var tilrettelagt med nokre drikkestasjonar. På Fløyen fekk alle skillingsbollar. For dei som ikkje ynskjer å gå alle fjella, kan ein velja 4 eller 3 fjellstur. Veret på turen var bra. Det hadde rekna dagen før noko som gjorde at det var mange glatte og blaute parti.

Det er fyrste gongen Karin og Kjell går denne turen. 7-fjellsturen har vore på ynskjelista deira ei tid. No er turen haka av på lista. Det er difor ikkje sikkert dei går turen ein gong til. Nye turmål ventar.

Trappene ned ved Ulriken
Karin og Kjell på ein av dei sju toppane.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Privat