Årets resultat etter vedhogsten på Friluftsplassen er 60 sekker kvar på 80 liter. All veden kjem frå uttak av skog på område Uskedal Friluftslag eig i Skårhaug. Noko er hogsten vert gjort for å få fram den vakre utsikten på toppen. I tillegg kjem fjerning av rotvelta trær og elles tynning av vegitasjonen. Det er enno skog mot nord og i grensa til naboar. I dag var det dugnad med kapping, kløyving og pakking som vert gjort klar for vedlotteriet. Med på dugnaden dag var: Leif Viken, Ove Magne Myhre, Kristian Bringedal, Helge Nævdal og Audun Eik. Takk til Pål og Steinar Haugland for lån av vedmaskin.

Turvegen skal til vanleg ikkje brukast av motoriserte køyrety, bortsett frå nyttetrafikk ved t.d. å henta ut ved og ved rydding.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal