Dei siste 8 vekene har 6 og 7.klasse på Uskedalen skule jobba med på eit stort prosjekt som heiter First Lego League. FIRST® LEGO® League Challenge er ein kunnskaps- og teknologikonkurranse som
har som mål å inspirera barn og unge i alderen 10-16 år til å bli morgondagens ingeniører, forskarar og problemløysarar. Uskedalen skule har stilt med to lag som heiter Uskedal City og “Uskedølingane. Det har vore eit omfattande, men veldig spennande prosjekt.


Elevane har vore delte i grupper og jobba med ulike problemstillingar. To grupper har jobba med robotkjøring og programering. Ei gruppe har jobba med innovasjonsprosjekt og ei gruppe har hatt fokus på kjerneverdiar der dei har jobba med å motivera og ha fokus på at laget har det bra. Dei har funne på mykje kjekt for laget sitt i desse vekene.

Uskedølingane på scenen.


På laurdag var det finale i Kvinnherad Arena. 18 lag var påmelde frå Kvinnherad. Det neste er den skandinavisk finalen i Mo i Rana. Laga frå Uskedalen nådde ikkje heilt til topps. Dei vart nominert i fleire klassar. Dei kom heim med to pokalar.

Tre tidlegare elevar frå Uskedalen, som no går på Rosendal ungdomsskule, var på laget som går vidare til finalen i Mo i Rana.

Tekst/ foto: Uskedal skule
Foto/nett: Kristian Bringedal