Røysterett for Alle og Husnes Blandakor har i helga vore samla til seminar i Helgheim. Føremålet med seminaret er innøving av verket «Mariamusik» av Anders Öhrwall, som Røysterett har framført verket to gonger før, seinast for 11-12 år sidan. Det har vore to intense og lærerike dagar. Inspirerande er det og å vera så mange (til saman 55 songarar), slik at me får litt fylde på musikken me øver på. Det er også ein føremun at Maria Malmsten har hatt båe kora ei tid, slik at ho kjenner alle, og me har lært oss å fylgja hennar dirigentsignal. Frode Kaldestad og Ingvild Toskedal er repetiørar.

Maria Malmsten er musikalsk leiar for både Husnes Blandakor og Røysterett for Alle.


Maria har fått tak i 5-6 heilproffe musikarar til å gje akkompagnement i mange av stykka, så dette vert nok noko som vert verd å få med seg når konsertane går av stabelen 9. og 10. desember. Me gler oss stort til at musikarane skal koma til og gje oss heilskapsopplevinga på dei siste
øvingane.





Når alle er på plass, tel koret over 50 songarar.

Publikum kan nok gle seg og. Me tykkjer alt no at me er komne godt i gang, så med to månader til med øving kan me ikkje anna enn å tru at dette verkeleg må verta bra.

Tekst: Svein Rimestad
Foto/nett: Kristian Bringedal