Boka Kvinnherad vidaregåande – skulen som samla Kvinnherad vil truleg vera julegåva til mange tidlegare elevar og lærarar i år. I haust er det nemleg 50 år sidan Kvinnherad fekk eige gymnas. Det var slutt på tida då ungdomen flytta og budde på hybel ander stader i fylket. Før det var det realskule og yrkesskule i Kvinnherad, men ikkje gymnas. Ein filialklasse underlagt Os gymnas tok til i 1972. Leiv Døssland var dagleg leiar. I lærarflokken finn vi mellom anna Olaf Agnar Gausvik frå Uskedalen. Klasseromma var i brakka ved Undarheim skule. I den historiske delen av boka les vi også at Uskedalen var med i vurderinga for plassering. Infrastruktur og vedtak om delt senterstruktur i Kvinnherad vart avgjerande for at Husnes vart vald. Sigvald Eik og Knut Sjøwall frå Uskedalen var med i nemnda som skulle finna plassen.

Jørn Øyrehagen Sunde (t.h.) er ein av mange som har skrive helsing under overskrifta Skråblikk i 50 år.

Boka på knappe 300 sider er delt inn i fire bolkar.. Astrid Haugland ( bur i Sverige ) med farsslekta si frå Haugland i Uskedalen har fleire gode bilete i boka, mellom anna av rektorane Samson Bogsnes og Leiv Guddal. I bolken Skråblikk har Jørn Øyrehagen Sunde, elev 1988 – 1991, skrive ei artig helsing med tittelen Mangfald. Amen.

Boka er rikt illustrert med bilete og teikningar. Mange vil finna seg sjølv i ein av mange fotocollage.

Christian Bjørgen har vore redaktør. Utgjevar er Kvinnherad vidargåande skule og Vestland fylkeskommune.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Faksimile frå boka