Utstillingen i helga med Kjell Musland og Gaute Haugland samla om lag 400 personar. Det er eit høgt tal når ein tek omsyn til alt som skjer av kulturtilbod for tida. Gunn Mari Moberg og Thor Inge Døssland er godt nøgde med interessa og den sterke profileringa kunstutstilingen fekk. Begge lokalavisene var på plass. Det var også gjester frå heile kommunen. I oppsummeringa framhevar også Døssland det gode samarbeidet med Liv Astrid Myhre og Trond Fosshaug. Med god hjelp var dei ansvarlege for maten og serveringa.

Mykje folk var samla ved opninga laurdag kl. 12.00.

Møte med Kjell Musland og Gaute Haugland vart så mykje meir enn ein utstilling. Eit særpreg og noko som vert hugsa er dei musikalske innslaga deira. Musikk og folkeleg humor resulterer i trivsel og ei god oppleving.

Ei stor takk til Liv Astrid og Trond på kjøkkenet.

Det er lenge sidan det har vore utstilling av dette formatet i Uskedalen. Konseptet med Gamleskulen og to dagar utstilling fungerte godt. Med så mykje folk kan lokalet vera i minste laget. Kjellaren er eit ypperleg galleri og kan sjølvsagt brukast om ein vil dela seg på to plan, utstilling i kjellaren – kunstkafe oppe. Det er noko styret i Uskedal utvikling truleg vil vurdera som ei løysing neste gong. Og dermed er det sagt: Bygda og kommunen er klar for ny utstilling i Uskedalen. Om det alt vert til sommaren, er uvisst, men det let seg gjera. Fleire aktuelle kunstnarar frå eller med tilknyting til Uskedalen er aktuelle kandidatar.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto:Kristian Bringedal/ Thor Inge Døssland