30 personar fordelte på dei ulike klassane er påmelde til Skårhaug Opp i dag frå kl. 16.30. Arrangøren må vera nøgd med interessa. Det er eit nytt tiltak som må arbeidast inn på terminlister og idrettslaga sine planar. På lista finn vi mange sterke namn som t.d. Sindre Omvik, Oddmund Lunestad, Johannes Heien, Kjetil Sæle, Marianne Korsvold, Veslemøy Haugland og Solveig Haugland. Løparane i Skårhaug Opp representerer fire ulike idrettslag. Nokre er påmelde indiviudelt. Velkomne til Skårhaug Opp frå kl. 16.30.

Start: Sandakaien. Mål: Skårhaug 49 moh.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Hans Ordin Østebø - drone