Kjersti Brakestad Øvsthus starta Zjakk frisørsalong i Uskedalen i 1986. Då var salongen loalisert i kjellaren på Solheim Turiststasjon. For nøyaktig 30 år sidan, i 1991, overtok Ann-Christin Huke salongen. Ho jobba for det meste åleine fram til Klara Bakke kom med. Ann-Christin og Klara starta firma i mars 1998. Bilete f.v: Siv Jorunn Arnfinsen, Ann-Kristin Huke og Heidi Camilla Pedersen.

Salongen var framleis i Solheim før dei flytta over vegen til Brekketoppen. Neste lokale var i det som hadde vore Kvinnherad Samyrkjelag, frå 2004. Zjakk hadde også nokre år avdeling på Valen. Den er avvikla.I salongen i dag finn vi Ann-Christin Huke, Heidi Camilla Pedersen og Siv Jorunn Arnfinsen. Klara Bakke slutta hausten 2017 av helsemessige årsaker/ yrkesskade. Ho er framleis medeigar i firma.

Ann Kristin Musland, som i dag er medeigar og frisør på Trend på Husnes, gjekk læretida si i Uskedalen. Det same gjorde Karianne Solheim, eit år før ho flytta over til Valentin.

Zjakk frisørsalong har eit godt omdøme i frisørbransjen. Salongen har kundar frå heile kommunen.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal