Styrtregn i dag tidleg førte til store nedbørsmengder. I Fjæro i Uskedalen vart det målt 22 mm nedbør på ein time, mellom kl. 10 og 11. Det er Dag Helland som melder dette til usekdalen.no. Det samsvarar godt med nøyaktige målingar i Korsneset der Kurt Haugland har ein målar av merke Davis Vantage pro 11. ( Sjå bilete ). Her er tala 20,8 mm på ein time. Det er målt 54,5 mm det siste døgeret. Uskedalselva går stor, men ikkje på det største. Det er registrert midre skader på sidevegane. Grusen renn bort og det dannar seg grøfter og groper. Regnet i natt og dag tidleg har ført til flaum og skader i Herøysundet, i traseen der ein lagar ny gang- og sykkelveg. Send oss bilete og nokre ord om det noko redaksjonen må ta med om regnet og evt. skader i dag tidleg.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Kurt Haugland