22. august er det nyopning på Rødtunet.
Jørn Øyrehagen Sunde er tilbake der han starta.
I mange år var det årvisst med museumsdag på Rødtunet. Så blei det stopp. Lørdag 22. august blir det på nytt liv på musèet. Det har samanheng med at det har blitt gjort eit stort reperasjonsarbeid i og rundt hovudhuset, og på kverna. Dette blir markert frå klokka 13 og utover denne laurdagen.
Det er Dugnadsgruppa i Uskedal Utvikling og Uskedal Historielag som står for arrangementet, og dei har vore så heldige å få Jørn Øyrehagen Sunde til arrangementet. Den kjende historikaren hadde nemleg sin første jobb innanfor feltet han er blitt så kjend for, då han som ungdom jobba som sommaromvisar på musèet på Rød. På bildet over ser vi han i arbeid i kverna i 1990.

Programmet startar kl.13 nede ved kverna. Etter opningstonar ved ei gruppe frå Uskedal Musikklag, vil representantar frå dugnadsgruppa fortelja om den store restaureringsjobben av kverna. Etter det vil vatnet setjast på gjennom det nye slåket, og dei frammøtte får sjå kverna i drift.

Kl.14 blir det samling oppe i tunet, og der vil Jørn Øyrehagen Sunde, jurist med doktorgrad i rettshistorie, snakka om “Bygdetunet Rød og naboskap, historisk medvit og demokrati”. Dette blir nok ei særdeles interessann stund saman med Norges fremste formidlar innanfor dette området.
Etter føredraget vil det vera ope tun der publikum får sjå seg rundt i bygningane. Det blir aktivitetar både for born og eldre.
Då vil det mellom anna bli styltegang, og ein vil prøva å få liv i Kvinnheradsmeisterskapet i styltegang. Det var i si tid fast innslag på dei tidlegare museumsdagane. Det er sett opp vandrepokal. Ståle Eik har to napp i den. Alle som går på stylter blir oppfordra til å stilla, enten berre for å prøva løypa, eller også delta i konkurransen.

Uskedal Helselag vil vera på plass. Dei står for salg av vafler og kaffi som publikum kan kosa seg med.
Det er gratis inngang til arrangementet. Dugnadsgruppa og historielaget håpar på godt frammøte slik at det blir god, gammal museumsstemning i tunet, med god prat og mimring.
Det vil vera parkeringsvakter, men sidan det er begrensa med parkeringsplass, blir dei som bur i nærleiken oppfordra til å spasera eller ta sykkelen fatt om det er mogeleg.
Velkomne til ein koseleg og interessann dag på det vakre Rødtunet!

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Kvinnheringen sitt arkiv og Thor Inge Døssland